Handlingen

FAMILIEN PÅ SUL

På garden Sul, i nærleiken av Stiklestad, bur ein fredsam bondefamilie. Dei hamnar i sentrum for veldige hendingar i ein strid som handlar om makt over land og rike. Dette går føre seg i ei tid der både rett tru og rett side i kampen kunne vere skiljet mellom liv og død.

LØYNDOMEN

Bonden, Torgeir Flekk og kona, Gudrid, er glade i kvarandre, men dei bèr på ein løyn dom; Gudrid fødde for nokre år sidan eit vanskapt barn som gamlekona på garden, Grima, bar ut i skogen for at barnet skulle dø (utburd). Dette var i samsvar med dei heidenske skikkane.

Torgeir, som har akseptert den kristne trua, klarer ikkje tilgi Gudrid for dette, samstundes som Gud rid meiner at noko anna ikkje var mogleg. Den yngste dottera deira, Gudrun, var fem år da dette hende og historia om utburden har merka Gudrun for livet. Ho er blitt eit uroleg barn som ikkje toler konfl ikt og krangel.

Den trufaste støtta og hjelpa hennar i vanskelege situasjonar er bestefaren GamalJostein, den blinde faren til Torgeir. Han fortel segner frå gamal tid og lærer henne songar som bryt med kristen tru, men som roar henne og gir bilder på korleis livet kan levast og bli forstått.

STORPOLITIKK PÅ GARDSTUNET

Ein sommardag i juli 1030, kjem den store konfl ikten til garden Sul. Det går rykte om at Olav Haraldsson er på veg frå Gardarike for å erobre tilbake makta han mista i 1028. Dette liker bøndene dårleg ettersom dei har fått sjølvstende og fridom under ladejarlane. Svogeren til Gudrid, Torgeir Kvistad, og sonen Halle, kjem til Sul for å høyre om dei kan få støtte av Torgeir Flekk til å gå mot «Olav Digre» som no er på veg for å ta tilbake herredømet over landet. Han fortel at ein stor bondehær og mange skip ligg og ventar på slaget som må kome. Torgeir Flekk vel utan omsyn til dette å stå på Olav si side, og Kvistadbonden og sonen rir derifrå med uforretta sak.

OLAV HARALDSSON KJEM TIL GARDEN

Tormod Kolbrunarskald kjem til Sul. Han fortel gardsfolket at kong Olav er på veg og vil måtte overnatte på garden. Torgeir vil ønskje kongen velkomen medan Gudrid vegrar seg for å ta i mot ein inntrengar som urettvist vil rive til seg makta over frie bønder. Kong Olav kjem med hæren sin og slår seg ned på tunet. Medan hæren tar seg til rette og Olav manar mennene sine til kamp, kjem Arnljot Gelline, ein høvding frå Jämtland, og byr fram si støtte. Olav tek imot på det vilkåret at Arnljot let seg døype, noko svensken ikkje finn så merkverdig så lenge han får slåst. Krigshissinga og våpengnyet gjer Gudrun uroleg. Ho byrjar å synge for å fi nne trøyst i det ho opplever som ein trugande situasjon. Kong Olav blir nyfiken på det vevre vesenet som syng så vakkert, men mistenksam av di ho syng songar som ikkje er i tråd med kristen tru. Han får høyre historia om barnet som vart bore ut i skogen, blir opprørt og vil straffe dei etter kristenretten.

Olav forstår likevel at Torgeir er ein kristen mann og let dei sitja med garden. Torgeir byr etter dette fram seg sjølv og sønene sine som hærmenn.

SLAGET

Natta fell på. Hæren kviler. Ved morgongry dreg hæren frå garden for å møte bøndene i kamp på Stiklestad. Den blinde GamalJostein bestemmer seg for å følgje etter dei for å oppleve hendingane på nært hald.

ETTER SLAGET

Medan kvinner og gamle som har vorte igjen på garden ventar på sine menn, kjem meldinga om at Olav er død og mange menn er falne. Sigerherrane Tore Hund og Halle, son til Kvistadbonden, kjem feiande inn på garden for å leite etter kongsliket. Dei har med seg Torgeir Flekk og sønene hans som fangar. Dei gjennomsøkjer husa og trugar med å drepe Torgeir og sønene. Tore Hund er nådelaus sjølv om Halle ber for slektningane sine. Tore Hund stansar likevel når han ser at GamalJostein kjem inn på tunet. GamalJostein kan fortelje at det er den døde kongen som har gitt han synet tilbake; «Han var ein heilag mann».as7c