Boklansering: Diagnose: HÅP? Ein bestefar på leiting etter ei framtid å sjå fram til
Tidspunkt
17. oktober 2024
Sted
Stiklestad Nasjonale Kultursenter
Pris
Gratis
EMBLA AKADEMISK & Jostein Holmen presenter boka:
Diagnose: HÅP? Ein bestefar på leiting etter ei framtid å sjå fram til
Torsdag 17. oktober kl 19.00 i auditoriet. Gratis.
Etterkrigstida, da forfattaren vaks opp, var prega av optimisme. Samfunnet gjekk framover, og alt skulle bli betre. Men framtida i dag er ikkje slik ho ein gong var. Vi kan tenkje på natur- og klimakrisa, matmangelen og fattigdomen i store delar av verda, krigane i Ukraina og Gaza, flyktningekrisa, digitaliseringa, kunstig inelligens, veksten i politisk ekstremisme og trusselen mot demokratiet, og krisene i helsetenesta, for å nemne noko. Går det an å ha håp for framtida, slik det ser ut?
Om forfattaren:
Jostein Holmen, f. 1947, mangeårig allmennlege og forskar, var leiar for Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) og HUNT forskningsenter i perioden 1984-2008, og profressor ved NTNU. Bur i Verdal.
I tilleg til forfattaren, Jostein Holmen, deltar fagredaktør Idar Kjølsvik og daglig leder Bjørg Vollan.
Etter lanseringa vil det bli signering og salg av boka.