Allsang med Olsokkoret

29.juli

 1.      Song: «Inngang»

KOR
Vilja de høyre kvedet mitt
og vilja de orda tru, –
om han Olav Haraldsson
skal songen her seg snu.
Dansen dyn over vollen,
så dansar vi no i ring.
Glade ride Noregs menn
til hildarting!

Kongen var strid i sine krav
og streng imot svik og prut, –
dei som alltid la landet ope
for atale Store Knut.
Dansen dyn over vollen,
så dansar vi no i ring.
Glade ride Noregs menn
til hildarting.

Folket var både veikt og vilt
men våren gjekk over land,
trollskap øyder åker og eng,
og setter grender i brann.
Dansen dyn over vollen,
så dansar vi no i ring.
Glade ride Noregs menn
til Hildarting.

 

2.     Song: Tormodstev 1

SKALDEN
Ølet eg drikk på di velferd, drós!
Gjerne så munde eg munnen din møte.
Eg drakk og drøste i stunder søte,
og flikrehugen min fløkte min kos.

Eg veit ikkje mætare ting enn ei møy,
Replikk: … Han er ein av dei som berre kved om vin og kvinnfolk!       

trufast i alvor og trivleg i skøy.
Utrulege ting kan koma i tanken
hjå visne gråskjegg på videvanken!

Ung, det er du og
hugstolen er du,
lite veit du om livet sjølve.
Ung var eg òg og tåpeleg var eg,
og arvesølvet for vindsong selde

3.     Song: Tormodstev 2

SKALDEN
Eg var ung og agelaus fole,
Eg for over fjell og finne.
Og jenta eg heldt av, gjordest
til kvidekvad om ei kvinne.

Eg leika for lenge med lôgen.
Den eine eg skulle ha femna,
slokna som glo utan nøre.
Og no vil ho naudleg meg nemna.

Så lærde meg livet omsider.
Det er seinkomen visdom di verre:
Du skal vinna ei einaste kvinne.
Du skal hava ein einaste herre.

4.     Song: Hærmannssong

KOR
Kan du bragder med brokatak, og kan du bruka eit spjot.
Då er du kar for eit karaverk, som ikkje er kongen imot.
Landet dyn under lovden og åsane syng omkring.
Glade ride Noregs menn til Hildarting.

Stridsmann er eg og strid eg er, eg strid for land og viv.
Lydrike folk kan vi aldri bli, då kvesser vi sverd og kniv.
Røten skjelv under føten og åsane syng omkring.
Glade ride Noregs menn til Hildarting.

Kongen er komen heim til sitt, vil lydast sitt eige land.
Kven har likare rett til landet, kven har vel rett som han?
Det blir far etter føten som denne ferda gjer.
Glade ride Noregs menn i kongeferd.

5.     Song: Store grottesong

SKALDEN
I vintrar ni nedunder jorda
som systrer vi leika saman og vaks.
Som møyar vi møykte menn og mugar.
Fluks vi flytte berg over fly.
Svar: Berg over fly,  Berg over fly
Hei og hå,  Berg over fly

Vi velta steinar til vettegardar
så jordinnvollane redde skolv.
Vi slengde slagget vi sleit or fjellet,
og mata malmar til menns gaman.
Svar: Manna gaman,   Manna gaman
Hei og hå,  Manna gaman

Fyrstar felde vi og  før det andre, –
skar brynjer med skarpe bitjarn.
Blod av såret bløytte sverdblad.
Frie og fræge ferdast vi då.
Svar: Frie og fræge,  ferdast vi då.
Hei og hå,  ferdast vi då.

No er vi komne til kongehuset.
Miskunnlaust må vi mylna draga.
Aur under foten, ovantil frosten,
hustrig og hatal er heimen hans Frode.
Svar: Heimen hans Frode, hustrig og hatal

Rop:   Eld ser eg brenna austanfor borga, vide veiftar varsel om dråp!

Rop:   Hastig ein hær hit skal koma brenne borga og Budlunds salar

Rop:   Logen skal taka Leirestolen raude ringer og Reginkvenna

Rop:   Hald om skaftet hardare syster,

Rop:   Vi har inkje med valblod å skifte!

Alle:
Så drog dei kvenna med makt og velde
unge dei var med veldig kraft
Skalv då skaftet kvar stod kvenna
haldet som heldt ho var sprunge i sundt

6.     Song:Pastorale

GUDRUN
Vargen yler
over dæld og dikje.
Han vil ha meg,
men han får meg ikkje!

Eg ser hjuringen
som gjæter smalen.
Eg ser sigraren
på siste valen.

Bloman nigjer
opp i alle lier.
Helsar kongen vår

Svar: Helsar Kongen vår
Kongen vår

Svar: Kongen vår

Alle: Bloman nigjer
opp i alle lier.
Helsar kongen vår
for alle tider!

7.     Song: Håsteinvisa

Alle: Håstein, Håstein, Håstein, Håstein

FROSTE
Har du høyrt om han Håstein, han som maula opp myra, han som gnaskra på gråstein der han for?

Han åt molda som makken han åt bjørka på bakken, han åt veden til vinteren
som ein bjor.

Rop: Han et deg òg du, var deg veslemor.

Han sleit tallen av stuven, fløytte myse av flinten, berga knasa’n med knuen. Veit du det? Veit du, krafta av grjotet - gjorde føtene fljote, så det fanst ikkje fe som fylgde med.

Rop:   Jamvel røyskatten vart til spott og spe.

I ein blunk tok han blånen, – med ein fjert tok han fjorden, – og ein munns utav månen tok han kaut.
Han drog reimar av drome til å binde opp skor med.
Men han enda, – ja det er mesta flautt:

Rop:   For han åt seg i hel på grynmjølsgraut.

 

8.     Song: (Store) Solleiken

GUDRUN
Kvinner:
Kven er den kvinna som trør på trammen
Menn: Kven er den kvinna som trør på trammen

Kvinner: like ved Lidskjalv, Svidurs stol?
Menn: Ved Svidurs stol, ved Svidurs sete

Alle: Stod ho i svala, lyfte ho arman’,
sjøen og lufta lyste og skein.

Kor, alle:
Gjerd er det, Gjerd er det, Gymes dotter!
Venaste veikja i verda vide, i verda vide

GUDRUN
Munn og mæle solguden miste,
Frøy den frode, då henne han såg
Still og sturen sat han og kurde.
Sola svartna og jorda svalt.

KOR, alle
Gjerd er det, Gjerd er det, Gymes dotter!
Venaste veikja i verda vide!

GUDRUN

Kvinner: Veikja han ville for all ting vinne,
Menn: Veikja han ville for all ting vinne,

Kvinner: sende så nordpå sendemann Skirne.
Menn: sende så nordpå sendemann Skirne.

Alle: Veikja vart vivet hans, Skirne fekk sverdet.
Mange så meiner dei møya var verd det.

Kor, Alle
Gjerd er det, Gjerd er det, Gymes dotter!
Venaste veikja i verda vide!
Gjerd er det, Gjerd er det, Gymes dotter!
Venaste veikja i verda vide!

GUDRUN, kor, alle
Frøy den frode og Gjerd den frie
skin over Mannheim ved midtsumartid!

 

9.     Song: Takkesong

GUDRUN
Damer: Fader vår, du som styrer
sol og måne og stjerner
og dei kvikjend som yrer
kvar ein stad.

Gje meg nerk til å bera
alle bører du gjev meg.
Gje meg kraft til å vera
god og glad.
Lær meg å leva, lær meg å leva
i evig takkekvad.

ALLE
Herre hald oss i handa
kvar i verda vi villar,
at vi sælt skal få sanna
livsens ord.

GUDRUN / KOR
Gjer oss sterke med din nærleik,
nør oss du med din nåde,
lat oss leva i kjærleik
her i nord!

ALLE
Herre, herre Kristus, Herre Krist,
sign alle folk på jord!

 

10.   Song: Tormodstev 3 / «Den siste gletten»

SKALDEN
Den siste gletten av det siste glad
Svar:  Det siste glad

byd kveld og kvile for dei stev eg kvad.
Svar:  Dei stev eg kvad

Alle: Om dag og dåd er runnen ut for meg,
er vegen som vi går uendeleg.

Til Kongen

Du føddest for å møte Gud og mann.
Svar:  for Gud og mann

Og fann du rette vegen, stort du vann,
Svar: då stort du vann

Alle:    om du er feigdarmerket for fiend fot
med døden jarnkald i di hjarterot.

Eg helsar deg du nåde som går ned.
Svar:  Som no går ned

Eg veit at ingen veg er endt med det.
Svar:  Er endt med det

Eg ser imot det nye solarsprett,
som kongen vår har vigd ei evig ætt.

 

11.   Song: Etter slaget.

SKALDEN

Kongen stupte på Stiklestad
men landet gjorde han fritt.
Sola glar bak Hærmanns-snas,
og landet er mitt og ditt.
Soga seier så stille
her har det store hendt.
Her er det evige altarljoset
i Norden tent.

Alle: Kongen stupte på Stiklestad
men landet gjorde han fritt.
Sola glar bak Hærmanns-snas,
og  landet er mitt og ditt.
Soga seier så stille
her har det store hendt.
Her er det evige altarljoset
i Norden tent.

 

12.   Song: Olsok

GUDRUN
Heilagt, heilagt er det blodet,
det som synet gjev åt blinde.
Heilag, heilag er den mannen
han som gjev oss slikt eit minne.

I ei verd som vegvill er,
knelar eg for himmelkongen, –
han som i den største trongen
er oss traust og trufast nær.

KOR, alle
Makter gode, makter gode,
dei kan vende alt det vonde
til det gode, til det gode,
slik som dette kongeblodet.

ALLE
Kvinne, mann, hand i hand,
tegn og bumann, kongsmann, bonde
lyfte opp i himmelklåren
Heilag Olavs fagre land.