Rollefigurar

Personene merket med * er historiske personer
KONGEN*

Kongen – Olav Haraldsson – er på veg tilbake til Norge for å ta tilbake landet som han måtte rømme frå to år tidlegare. For å klare dette må han ta maktsenteret Trøndelag. Han tar vegen ned Verdalen og kjem til garden Sul. De bestemmer seg for å raste på garden den siste natta før slaget. Det blir eit spesielt møte mellom kongen, hæren hans og gardsfolket på Sul.

TORGEIR FLEKK *

Bonden på garden Sul heter Torgeir Flekk. Han har latt heile huslyden døpe til kristendommen og sympatiserer med kongen.

GUDRID

Gudrid er kona til Torgeir Flekk. Fleire år tidlegare fødde ho eit vanskapt barn. Gudrid vel å sette barnet ut i skogen – ein såkalla utburd. Dette var stor synd etter Olav Haraldsson sin lov: Kristenretten. Gudrid er også i slekt med ein av bondeførarane i Inntrøndelag, Torgeir frå Kvistad, som er imot kongen. Gudrid støtter leiarane i bondehæren som ikkje vil la seg undertrykke i eit nytt kongestyre.

GAMAL-JOSTEIN

Gamal-Jostein er far til Torgeir Flekk og er ei respektert skikkelse på Sul. Sjølv om han er blind og lite i stand til å arbeide, står han for ro og stabilitet i ei uroleg brytningstid. Han har lite til overs for Olav Haraldsson, og saman med Grima står han for gammaltida med røtene i dei førkristne, norrøne skikkane.

GUDRUN

Gudrun er dotter på garden Sul. Den opprivande hendinga med utburden har gjeve henne eit følsamt sinn og ho vert redd når folk kranglar og stridest. Difor held ho seg mest til Gamal-Jostein. Han fortel historier frå gammaltida og lærer henne heidenske songar som trøyster henne.

SØNENE PÅ SUL

Eldstemann Jostein og broren Einar er unge menn som vil slåst for ære, kvinner og makt. Dei er fostra av far sin til å bli gode bønder, men dei lengtar òg etter å bli med i Olav sin hær for å prove styrken sin.

GRIMA

Gamal tenestekvinne på garden som tek seg mykje av Gudrun.

HALLGJERD

Tenestejente som er Gudrid si høgre hand på garden. Gudrid har sett Hallgjerd til å sjå etter Gudrun.

TORGEIR FRÅ KVISTAD (Kvistadbonden) *

Torgeir frå Kvistad er gift med syster til Gudrid. Han har tidlegare stått på kong Olav si side, men har brote alliansen og vil no kjempe med bondehæren mot Olav Haraldsson. Han prøver å overtyde svogeren Torgeir Flekk om å gjera det same, men lukkast ikkje.

HALLE

Halle er sonen til Kvistadbonden.

HELGA

Helga er ei tenestejente med eit godt auge til Einar, ein av sønene på garden. Ho er lysten på livet og rapp i kjeften.

TORMOD KOLBRUNARSKALD*

Kolbrunarskalden er islending og hirdskald, ein diktar som følgjer kong Olav og hæren hans. Han kjem til Sul for å sjå om garden kan eigna seg som kvilestad for hæren.

FROSTE

Froste er ein av Olav sine menn, trufast mot kongen sin. Han likar å syngje og danse når det er viljuge jenter i nærleiken.

ARNLJOT GELLINE*

Ein fredlaus mann som kjem frå Sveariket (Sverige) for å tilby si hjelp til kongen.

AVRAFASTE*

Fredlause kriga frå Jämtland som kjem til Sul for å by Olav si hjelp. Dei er nemnt i Snorre, at dei sto fremst i kongshæren etter dei vart kristna. 

STATISTAR

Prestar, gardsfolk, ferdamenn, hærfolk, utburdar og barn utgjer til saman 120 statistar. Det er òg med seks hestar i årets spel.