Handlingen i Spelet om Heilag Olav

På garden Sul, i nærleiken av Stiklestad, bur ein fredsam bondefamilie. Dei hamnar i sentrum for veldige hendingar i ein strid som handlar om makt over land og rike.

Familien på Sul

På garden Sul, i nærleiken av Stiklestad, bur ein fredsam bondefamilie. Dei hamnar i sentrum for veldige hendingar i ein strid som handlar om makt over land og rike. Dette går føre seg i ei tid der både rett tru og rett side i kampen kunne vere skiljet mellom liv og død.

Løyndomen

Bonden, Torgeir Flekk og kona, Gudrid, er glade i kvarandre, men dei bèr på ein løyn dom; Gudrid fødde for nokre år sidan eit vanskapt barn som gamlekona på garden, Grima, bar ut i skogen for at barnet skulle dø (utburd). Dette var i samsvar med dei heidenske skikkane.

Torgeir, som har akseptert den kristne trua, klarar ikkje å tilgje Gudrid dette, samstundes som Gudrid meiner at noko anna ikkje var mogleg. Den yngste dottera deira, Gudrun, var fem år da dette hende, og historia om utburden har merka Gudrun for livet. Ho har vorte eit uroleg barn som ikkje toler konflikt og krangel, for då byrjar utburden å skrike. I hennar verd er det eit teikn på at det blir ragnarok, verdas undergang, som startar med at menneskja drep kvarandre og Fenrisulven sluker sola.

Den trufaste støtta og hjelpa hennar i vanskelege situasjonar er bestefaren GamalJostein, den blinde faren til Torgeir. Han fortel segner frå gamal tid og lærer henne songar som bryt med kristen tru, men som roar henne og gir bilder på korleis livet kan levast og bli forstått.

Storpolitikk på gardstunet

Ein sommardag i juli 1030, kjem den store konflikten til garden Sul. Det går rykte om at Olav Haraldsson er på veg frå Gardarike for å erobre tilbake makta han mista i 1028. Dette liker bøndene dårleg ettersom dei har fått sjølvstende og fridom under ladejarlane. Svogeren til Gudrid, Torgeir Kvistad, og sonen Halle, kjem til Sul for å høyre om dei kan få støtte av Torgeir Flekk til å gå mot «Olav Digre» som no er på veg for å ta tilbake herredømet over landet. Han fortel at ein stor bondehær og mange skip ligg og ventar på slaget som må kome. Torgeir Flekk vel utan omsyn til dette å stå på Olav si side, og Kvistadbonden og sonen rir derifrå med uforretta sak.

Olav Haraldsson kjem til garden

Tormod Kolbrunarskald kjem til Sul. Han fortel gardsfolket at kong Olav er på veg og vil måtte overnatte på garden. Torgeir vil ønskje kongen velkomen, medan Gudrid vegrar seg for å ta i mot ein inntrengjar som urettvist vil rive til seg makta over frie bønder.

Kong Olav kjem med hæren sin og slår seg ned på tunet. Tormod Kolbrunarskald fortel Kongen at hans motmenn har samla ein stor hær mot han. Medan Olav manar mennene sine til kamp, kjem brørne Gaukatore og Avrafaste med følgje frå Jämtland. Dei vil vera med i hæren, men Olav vil ikkje ha dei som ikkje er kristne. Det blir uro og alle byrjar slåst med kvarandre. Olav får stoppa slagsmålet og talar til dei.

Sonen på garden fortel at kongshæren har trakka ned kornåkeren. Då rir Kongen åkeren rundt og velsignar han. Alle ser at det er noko med denne Kongen og Gudrun syng om det. Ho og Kongen møter kvarandre og jemtane let seg døype. Men krigshissinga gjer Gudrun redd, og ho må dansa ein heidensk dans for å roa seg ned. Kongen ser dette og fortel at dette ikkje er i tråd med kristen tru. Han får høyre historia om barnet som vart bore ut i skogen, blir opprørt og vil straffa dei etter kristenretten. Kongen hjelper Gudrun til å kjenne fred. Torgeir byr etter dette fram seg sjølv og sønene sine som hærmenn.

Slaget

Natta fell på. Hæren kviler. Ved morgongry dreg hæren frå garden for å møte bøndene i kamp på Stiklestad. Den blinde Gamal-Jostein bestemmer seg for å følgja etter dei for å oppleve hendingane på nært hald.

Etter slaget

Etter slaget finn kvinnene frå garden mennene som er falne på slagmarka. Gamal-Jostein ser dette fordi den døde kongen har gjeve han synet attende. I Gullvåg sitt opphavelege manuskript fortel Gamal-Jostein at han finn kongen i ei løe, og at han fekk blodet frå kongen på seg, og då kunne han plutseleg sjå: «Han var ein heilag mann».

Slaget | Spelet om Heilag Olav