Handlingen i Spelet om Heilag Olav

På garden Sul, eit par dagsmarsjar frå Stiklestad, bur ein fredsam bondefamilie. Dei hamnar i sentrum for veldige hendingar i ein strid som handlar om makt over land og rike.

Familien på Sul

På garden Sul, eit par dagsmarsjar frå Stiklestad, bur ein fredsam bondefamilie. Dei hamnar i sentrum for veldige hendingar i ein strid som handlar om makt over land og rike. Dette går føre seg i ei tid der både rett tru og rett side i kampen kunne vere skiljet mellom liv og død..

Løyndomen

Bonden, Torgeir Flekk og kona, Gudrid, er glade i kvarandre, men dei ber på ein løyndom; Gudrid fødde for fem seks år sidan eit vanskapt barn som gamlekona på garden, Grima, bar ut i skogen for at barnet skulle døy. Dette var i samsvar med dei heidenske skikkane på den her tida. Torgeir, som har akseptert den kristne trua, klarar ikkje å tilgje Gudrid dette. Han var sjølv i skogen då dette hende.

Den yngste dottera deira, Gudrun, var då ei lita jente, og historia om det daude barnet har merka henne. Ho blir plaga av at ho ser ein utburd, gjenferdet av eit barn. Gudrun har vorte eit uroleg barn som ikkje toler konflikt og krangel, for då byrjar utburden å skrike. I hennar verd er det eit teikn på at det blir Ragnarok, verdas undergang, som startar med at menneskja drep kvarandre og Fenrisulven sluker sola.

Den trufaste støtta hennar i vanskelege situasjonar er bestefaren Gamal-Jostein, den blinde faren til Torgeir. Han fortel segner frå gamal tid og lærer henne heidenske songar. Dei roar henne og gir henne bilete på korleis livet kan levast og bli forstått.

Storpolitikk på gardstunet

Ein sommardag i juli 1030 hamna garden Sul midt i store hendingars sentrum. Det går rykte om at Olav Haraldsson er på veg frå Gardarike (Russland) for å erobre tilbake makta han mista i 1028. Dette liker trønderbøndene  dårleg. Dei har fått sjølvstende og fridom under Ladejarlane og vil ikkje ha ein rikskonge over seg. Svogeren til Gudrid, Torgeir Kvistad (Kvistadbonden) og sonen Halle, kjem til Sul for å høyre om dei kan få støtte av Torgeir Flekk til å gå mot Olav «Digre», som no er på veg for å ta tilbake herredømet over landet. Kvistadbonden fortel at ein stor bondehær leia av Kalv Arnesson står klar på Stiklestad og ventar på slaget som må kome. Torgeir Flekk vel å stå på Olav si side, og Kvistadbonden og sonen rir derifrå med uforretta sak.

Olav Haraldsson kjem til garden

Ein skald ved namn Tormod Kolbrunarskald kjem til Sul. Han fortel gardsfolket at kong Olav er på veg og vil måtte overnatte på garden. Torgeir vil ønskje kongen velkomen, medan Gudrid vegrar seg for å ta i mot ein inntrengjar som urettvist vil rive til seg makta over frie bønder. Ho er også redd for kva som vil hende om kongen får vita løyndomen om det daude barnet.

Kong Olav kjem med hæren sin og slår seg ned på tunet. Tormod fortel Kongen at motmennene hans har samla ein stor hær mot han og at dei er mange fleire enn dei mennene kongen har. Kongen bryr seg ikkje om dette fordi han meiner at han har Gud på si side. Tormod rår han til å ta i mot hjelp frå ein hær frå Jämtland, men sidan dei ikkje er kristne, vil ikkje Olav ha dei med i hæren sin.

Når hæren er i ferd med å slå leir, fortel sonen på garden at kongshæren har trakka ned kornåkeren. Då rir Kongen åkeren rundt og velsignar han. Alle ser at det er noko med denne Kongen, og Gudrun syng om det. Ho og Kongen møter kvarandre, møtet med Gudrun vekker noko i kongen.

Kongen har ein draum, og ut av draumen kjem Arnljot Gelline, ein fredlaus mann frå Jämtland. Han vil gå med i kongshæren, sjølv om han ikkje er kristen. Olav blir utfordra på si eiga tru, og når ein svensk røvarbande kjem inn på tunet, må kongen avgjera om han skal ta imot dei eller ikkje.

All denne krigshissinga gjer Gudrun redd, og ho må dansa ein heidensk dans for å bli roa ned. Kongen ser dette og blir rasande fordi dette ikkje er i tråd med kristen tru. Han får høyre historia om barnet som vart bore ut i skogen, blir svært opprørt og vil straffa dei etter Kristenretten. Kongen hjelper Gudrun til å kjenne fred. Dette underet får Arnljot og røvarane til å ville bli døypt. Torgeir byr etter dette fram seg sjølv og sønene sine som hærmenn.

Slaget

Natta fell på. Hæren kviler. Ved morgongry dreg hæren frå garden for å møte bøndene i kamp på Stiklestad. Den blinde Gamal-Jostein bestemmer seg for å følgja etter dei for å oppleve hendingane på nært hald.

Etter slaget

Etter slaget møter Gudrun Gamal-Jostein igjen og han har fått synet tilbake. Han fortel at han fann kongen i ei løe, og at han fekk blodet frå kongen på seg, og då kunne han plutseleg sjå: «Han var ein heilag mann».

Slaget | Spelet om Heilag Olav