Historisk om spelet
FORFATTAREN OLAV GULLVÅG
«Sogespelet har eg skrive for Verdalen var Olav Gullvågs ord da han overlet forteljinga om ferda til Heilag Olav nedetter Verdalen i år 1030. Verdølane har rett til å føre Spelet fram utan honorar til meg», sa idealisten Olav Gullvåg da han gav spelmanuset til innbyggjarane i Verdal. Gullvåg har vist sterk personleg interesse for sogemotiv, og han har fått gode litterære resultat ut av historiske emne. Bøkene hans er omsett til svensk, dansk, islandsk, engelsk, tysk, russisk, nederlandsk, fransk, tsjekkisk, ungarsk og latvisk.
Sogeforfattaren
Den første teatersigeren vann Gullvåg i 1925 med skodespelet Den lange notti. Men det var likevel med romanen Det byrja ei jonsoknatt i 1937 at han for alvor slo igjennom som diktar. Med denne og dei to følgjande; Kongens nåde og Halvmåneblåsaren vann han seg ein vid lesarkrins, ikkje berre i Noreg, men enda meir i Danmark, Tyskland og fleire land. Gullvåg vann ein konkurranse i samband med feiringa av Olavsjubiléet i 1930, med teksten til festkantata Heimferd, som Ludvig Irgens-Jensen komponerte musikk til. Det går ei klår line frå denne kantaten og fram mot Spelet om Heilag Olav. Olav Gullvåg var fødd i Trondheim i 1885, og voks opp i Klæbu. Han starta yrkeskarrieren sin som kontorist. Seinare vart han journalist og redaktør av målbladet Norig og Gula Tidend. Frå 1929 levde han av å vere forfattar. Han døydde i 1961.
Nynorskmannen
Gullvåg var fødd i 1885, same året som Stortinget gjorde Jamstillingsvedtaket, som i prinsippet likestilte Ivar Aasens landsmål (i dag nynorsk) med det etablerte dansk-norske språket (i dag bokmål). Gullvåg fekk opplæring i landsmålet to vintrar på Amtsskolen i Klæbu rundt 1900. Han vart ein ihuga målmann og praktiserte og utvikla skriftspråket sitt til ein særeigen arkaisk nynorsk språkstil med mange ord som kan verke gammalmodige. Samstundes er nynorsken hans prega av eit munnleg språk farga av hans trønderske bakgrunn. Alle desse særdraga kjem tydeleg til uttrykk i Spelet om Heilag Olav.
KOMPONISTEN PAUL OKKENHAUG
Paul Okkenhaug er mest kjent for musikken til Spelet om Heilag Olav, men har òg skrive orkesterverk, kammermusikk, romansar og songar for kor, komposisjonar for orgel og klaver, og teatermusikk. Mykje arbeid og mange gleder; slik karakteriserte han arbeidet med musikken til Spelet om Heilag Olav. Opphavleg vart musikken skrive for symfoniorkester og framført av Inntrøndelag Symfoniorkester. I 1955 vart musikken omarbeidd for blåsarar og framført av Divisjonsmusikken. I 1960 vart det sett saman eit amatørorkester som makta det musikalske, takka vere ein kjempeinnsats av dirigenten Einar Krokstad. Stilistisk er Okkenhaugs musikk karakterisert som seinromantisk, med nasjonale og visse impresjonistiske trekk.
I tillegg til å vere komponist var han òg organist. Dessutan samla han inn tradisjonsmusikk frå distriktet, og han var ein viktig pådrivar og inspirator for musikklivet i regionen. Paul Okkenhaug studerte ved Oslo Musikkonservatorium. Han tok organisteksamen i 1927, og orgelpedagogisk eksamen i 1939. Frå 1930 arbeidde han som organist i Nidarosdomen i fleire periodar. I 1948 vart han tilsett som organist i Levanger og Okkenhaug. Paul Okkenhaug døydde i 1975. Han vart 67 år gamal. Mykje av musikken hans er gitt ut på Norsk Musikkforlag i samlinga Paul Okkenhaug: Fra Koral til Barcarole, tonar gjennom 50 år i 2000.
LENSMANN JON SUUL
Lensmann Jon Suul var initiativtakar til Spelet om Heilag Olav. Den opphavlege idéen var å få til eit grensestemne i Sul. Desse planane vart endra, mykje fordi stemneplassen på Stiklestad med friluftsscena vart ein realitet. I staden fekk vi eit olsok-festspel på Stiklestad, med urpremiere den 29. juli 1954. Opptakten skjedde like etter krigen, da Jon Suul kontakta Olav Gullvåg og Paul Okkenhaug, og presenterte dei for idéen om eit grensestemne.
Gullvåg var på den tida opptatt, og han var òg skeptisk til idéen. Men hausten 1950 tok han penna fatt, og byrja å skrive på det som skulle utvikle seg til Spelet om Heilag Olav. I slutten av 1952 låg det føre eit manus med tittelen Natterast på Sul. Tanken om eit festspel knytt til olsok og framført på den nye stemneplassen på Stiklestad tok form. Planane om eit grensestemne vart forlate, og Gullvåg reviderte manuset noko på dette grunnlaget. Tittelen vart endra til Føre slaget. No kjenner vi dette stykket som Spelet om Heilag Olav. Jon Suul vart æra med Kongens forteneste-medalje i gull i 1954.